16/1-14
26.05.2010 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønnbane 16/1-14, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønnbane 16/1-14 skal borast frå boreinnretninga Transocean Winner i posisjon 58° 53’ 09.32” Nord 2° 12’ 11.49” Aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 16/2-6 for Lundin Norway AS (Lundin) i utvinningsløyve 501.
Boreprogrammet for brønnbane 16/1-14 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 338. Lundin er operatør med 50 prosent del. Dei andre rettshavarane er RWE Dea Norge AS (20 prosent) og Wintershall Norge ASA (30 prosent). Arealet i dette løyvet består av sentralt til søraustleg del av blokk 16/1. Brønnen vert bora 4 kilometer sør for 16/1-9 (Draupne) og om lag 25 kilometer aust for 15/3-1 S Gudrun i midtre del av Nordsjøen.
Utvinningsløyve 338 vart delt ut 17. desember 2004 (TFO 2004). Dette er den femte brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Last ned: Kart.pdf
Oppdatert: 25.06.2010