16/1-15
07.12.2010 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 16/1-15, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 16/1-15 skal borast frå boreinnretninga Bredford Dolphin i posisjon 58° 52’ 24” nord 02° 15’ 41” aust etter at riggen kjem frå eit verkstadopphald på Coast Center Base (CCB Ågotnes) nær Bergen.
Boreprogrammet for brønn 16/1-15 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 338. Lundin er operatør med 50 prosent del. Dei andre rettshavarane er RWE Dea Norge AS (20 prosent) og Wintershall Norge ASA (30 prosent).
Arealet i dette løyvet består av sørlege halvdel av blokk 16/1. Brønnen vert bora om lag 5 kilometer søraust for 16/1-9 (”Draupne”) og om lag 4 kilometer nordaust for 16/1-8 (”Luno”) i midtre del av Nordsjøen.
Utvinningsløyve 338 vart delt ut 17. desember 2004 (TFO 2004). Dette er den sjette brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Oppdatert: 31.05.2012