16/7-9
09.11.2010 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS (Lundin) boreløyve for brønn 16/7-9, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 16/7-9 skal borast frå boreinnretninga Transocean Winner i posisjon 58° 15’ 17.47’’ nord 02° 17’ 24.95’’ aust etter avslutting av boring av avgrensingsbrønn 16/1-14 for Lundin i utvinningsløyve 338.
Boreprogrammet for brønn 16/7-9 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 409. Lundin er operatør med 70 prosent del. Dei andre rettshavarane er Bayerngas Norge AS (20 prosent) og Statoil Petroleum AS (10 prosent). Arealet i dette løyvet består av store deler av blokk 16/7. Brønnen vert bora om lag 20 kilometer sørøst for Sleipner Østfeltet i midtre del av Nordsjøen.
Utvinningsløyve 409 vart delt ut 12. februar 2007 (TFO2006). Dette er den fyrste brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Oppdatert: 09.11.2010