17/6-1
08.11.2010 Oljedirektoratet har gitt Norwegian Energy Company (Noreco) ASA boreløyve for brønn 17/6-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 17/6-1 skal borast frå boreinnretninga West Alpha i posisjon 58° 44’ 15.46’’ nord 03° 55’ 34.93’’ aust etter avslutting av boring av avgrensingsbrønn 34/4-13 S for Petro-Canada Norge AS i utvinningsløyve 375.
Boreprogrammet for brønn 17/6-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 545. Noreco er operatør med 50 prosent del. Dei andre rettshavarane er Spring Energy Norway AS (30 prosent) og Petoro AS (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av blokk 17/3 samt deler av blokkene 17/2, 5 og 6. Brønnen vert bora om lag 100 kilometer sørøst for Granefeltet i midtre del av Nordsjøen.
Utvinningsløyve 545 vart delt ut 19. februar 2010 (TFO2009). Dette er den fyrste brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Oppdatert: 08.11.2010