25/5-7
26.08.2010 Oljedirektoratet har gitt Total E&P Norge AS boreløyve for brønnbane 25/5-7, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønnbane 25/5-7 skal borast frå boreinnretninga Ocean Vanguard i posisjon 59° 39’ 43.27” nord 2° 34’ 15.37” aust etter eit verftsopphald på Ågotnes utanfor Bergen.
Boreprogrammet for brønnbane 25/5-7 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 102 C. Total E&P Norge AS er operatør med 40 prosent del, med partnerane Det norske oljeselskap ASA (10 prosent), Centrica Resources (Norge) AS (20 prosent) og Petoro AS (30 prosent). Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 25/5, og brønnen vert bora like sør for Frøyfeltet i midtre del av Nordsjøen.
Utvinningsløyve 102 C vart delt ut 20. mars 2009 som tillegg til 9. konsesjonsrunde. Dette er den første brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Oppdatert: 24.01.2013