34/5-1 A
18.03.2010 Oljedirektoratet har gitt BG Norge AS boreløyve for brønnbane 34/5-1 A, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønnbane 34/5-1 A skal borast frå boreinnretninga Bredford Dolphin i posisjon 61° 44’ 35.18’’ N og 2° 35’ 55.37’’ Ø etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 34/5-1 S for BG Norge AS i utvinningsløyve 374 S.
Boreprogrammet for brønnbane 34/5-1 A gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 374 S. BG Norge AS er operatør med ein del på 45 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (20 prosent), Wintershall Norge (20 prosent) og Premier Oil Norge (15 prosent).
Arealet i dette løyvet består av blokk 34/5 og sørlige del av blokk 34/2. Brønnen blir bora om lag 25 kilometer nordaust for Snorrefeltet i Nordsjøen.
Utvinningsløyve 374 S vart delt ut januar 2006 (TFO 2005). Dette er den andre brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Last ned: Kart.pdf
Oppdatert: 18.03.2010