35/1-2 S
26.08.2010 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønnbane 35/1-2 S jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønnbane 35/1-2 S skal borast frå boreinnretninga Transocean Leader i posisjon 61º 51’ 56’’N 03º 03’ 21’ E, etter avslutting av boring på Gudrunfeltet.
Boreprogrammet for brønnbane 35/1-2S gjeld boring av leitebrønn i utvinningsløyve 269. Statoil Petroleum AS er operatør med 100 prosent. Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 35/1. Brønnen blir bora om lag tre kilometer sørvest for Peonfunnet.
Utvinningsløyve 269 vart delt ut 27. april 2001 (Nordsjøtildelingane 2000). Dette er den andre brønnen som bli bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Jan Stenløkk
Last ned: Kart.pdf
Oppdatert: 26.08.2010