6407/2-6 S
24.03.2010 Oljedirektoratet har gitt Statoil ASA boreløyve for brønnbane 6407/2-6 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønnbane 6407/2-6 S skal borast frå boreinnretninga Ocean Vanguard i posisjon 64° 46’ 17,2” nord 7° 36’ 18,9” aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6608/10-14 S for Statoil ASA i utvinningsløyve 128.
Boreprogrammet for brønnbane 6407/2-6 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 473. Statoil ASA er operatør med ein del på 40,85 prosent. Dei andre rettshavarane er ExxonMobil (9,80 prosent), Eni Norge (29,40 prosent) og Petoro (19,95 prosent). Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6407/2 og del av blokk 6407/5. Brønnen blir bora om lag seks kilometer nordvest for Mikkelfeltet i Norskehavet.
Utvinningsløyve 473 vart delt ut 29. februar 2008 i TFO 2007. Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Last ned: Kart.pdf
Oppdatert: 24.03.2010