6507/5-6 S
21.04.2010 Oljedirektoratet har gitt BP Norge AS boreløyve for brønnbane 6507/5-6 S i Norskehavet, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønnbane 6507/5-6 S skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 65° 44' 19,36" Nord og 07° 39' 20,52" Øst
Boreprogrammet for brønnbane 6507/5-6 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 212. BP Norge AS er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Statoil Petroleum AS (30 prosent), E.ON Ruhrgas Norge AS (25 prosent) og PGNIG Norway AS (15 prosent).
Brønn 6507/5-6 S blir bora frå ei brønnramme på Skarvfeltet. Utvinningsløyvet består av ein del av blokkene 6507/5 og 6507/6. Utvinningsløyvet vart tildelt i 15. konsesjonsrunde på norsk sokkel i 1996.
Undersøkingsbrønn 6507/5-6 S er den sjuande leitebrønnen i utvinningsløyve 212.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD
Eldbjørg Vaage Melberg, tlf 51876100
Last ned: Kart.pdf
Oppdatert: 21.04.2010