6507/7-14 S
14.06.2010 Oljedirektoratet har gitt RWE Dea Norge boreløyve for brønnbane 6507/7-14 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønnbane 6507/7-14 S skal borast frå boreinnretninga Bredford Dolphin i posisjon 65° 25’ 35.84” Nord 7° 10’ 27.97” Aust, etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 15/9-24 for Det norske oljeselskap i utvinningsløyve 408.
Boreprogrammet for brønnbane 6507/7-14 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 435. RWE Dea Norge er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Edison International (20 prosent), Noreco (20 prosent) og Wintershall (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 6507/7 og ein del av blokk 6507/8. Brønnen blir bora i Norskehavet, om lag 10 kilometer nordvest for Heidrunfeltet og 230 kilometer vest for Brønnøysund.
Utvinningsløyve 435 vart delt ut 16. februar 2007 i TFO 2006. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Last ned: Kart.pdf
Oppdatert: 14.06.2010