6604/10-1
26.04.2010 Oljedirektoratet har gitt Norske Shell AS boreløyve for brønnbane 6604/10-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønnbanen 6604/10-1 skal borast frå boreinnretninga Aker Barents i posisjon 66° 11' 0,10’’ nord og 04° 11' 42,79’’ aust.
Boreprogrammet for brønnbane 6604/10-1 gjeld boring av ein avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 326. Shell er operatør med ein del på 50 prosent. Rettshavarar er Statoil Petroleum AS (40 prosent) og GDF Suez E&P Norge (10 prosent).
Utvinningsløyvet består av blokkene 6603/12-1, 6604/7, 6604/8 og 6604/10. Avgrensingsbrønn 6604/10-1 er den andre leitebrønnen i utvinningsløyve 326.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Last ned: Kart.pdf
Oppdatert: 26.04.2010