Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

15/8-2

19.08.2011 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 15/8-2, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 15/8-2 skal borast frå boreinnretninga COSLPioneer i posisjon 58°24’55,1’’N 01°32’49,90’’Ø. COSLPioneer er ei ny boreinnretning som er bygt i Kina. I sommar har innretninga lege ved kai i Sandnes for å bli gjort klar for første oppdrag på norsk sokkel.

Boreprogrammet for brønn 15/8-2 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 303. Statoil Petroleum AS er operatør med 100 prosent del.

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 15/2 og deler av blokkene 15/3, 15/5, 15/6 og 15/8. Brønnen vert bora om lag ti kilometer vest for Sleipner Vestfeltet i midtre del av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 303 vart delt ut 12. desember 2003 (TFO 2003). Dette er den sjuande brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart

 

Oppdatert: 19.08.2011