Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/2-10

16.09.2011 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 16/2-10, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/2-10 skal borast frå boreinnretninga Transocean Leader i posisjon 58°51’16,10”N og 2°32’37,45”Ø etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 16/2-9 S for Statoil i utvinningsløyve 265.

Boreprogrammet for brønn 16/2-10 gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 265. Statoil Petroleum AS er operatør med 40 prosent del. Dei andre rettshavarane er Petoro AS med 30 prosent, Det norske oljeselskap ASA med 20 prosent og Lundin Norway AS med 10 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av blokka 16/2. Brønnen blir bora om lag fem kilometer nord for brønnen 16/2-8 i midtre del av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 265 vart delt ut 24. april 2001 (NST 2000). Dette er den sjuande brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

 Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 24.01.2013