Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/2-7

10.06.2011 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 16/2-7, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/2-7 skal borast frå boreinnretninga Bredford Dolphin i posisjon 58°46’48’’N 02°39’16’’Ø etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 16/3-4 for Lundin i utvinningsløyve 501.

Boreprogrammet for brønn 16/2-7 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 501. Lundin er operatør med 40 prosent del. Dei andre rettshavarane er Statoil Petroleum AS med 40 prosent og Maersk Oil Norway AS med 20 prosent.

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 16/2,3, 5 og 6. Brønnen vert bora om lag fem kilometer sør for oljefunnbrønnen 16/2-6 (’Avaldsnes’) i midtre del av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 501 vart delt ut 23. januar 2009 (TFO 2008). Dette er den tredje brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart

 

Oppdatert: 10.06.2011