Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/7-10

21.06.2011 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 16/7-10, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/7-10 skal borast frå boreinnretninga Ocean Vanguard i posisjon 58º 29’ 56.56” N, 02º 01’ 31,42 ”E etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 30/11-8 A for Statoil i utvinningsløyve 035.

Boreprogrammet for brønn 16/7-10 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 569. Statoil er operatør med 59,6 prosent del. Dei andre rettshavarane er ExxonMobil med 30,4 prosent og Total med 10 prosent.

Arealet i dette løyvet består av sørvestlig del av blokk 16/4. Brønnen vert bora om lag ti kilometer nordøst for Volvefeltet i midtre del av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 569 vart delt ut 4. februar 2011 (TFO 2010). Dette er den første brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal. Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

 Kart

Oppdatert: 21.06.2011