Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

2/4-21

31.10.2011 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 2/4-21.

Brønn 2/4-21 skal borast frå boreinnretninga Mærsk Gallant i posisjon 56°42’00,81’’ nord og 3°8’34,31” aust.

Boreprogrammet for brønn 2/4-21 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 146. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 77,8 prosent. Total E & P Norge AS er rettshavar med ein del på 22,2 prosent. Utvinningsløyve 146 blei tildelt Saga Petroleum i 1988 i den 12. konsesjonsrunden på norsk sokkel.

Arealet i dette utvinningsløyvet ligg i den sørlige delen av Nordsjøen. Det består av delar av blokk 2/4. Brønnen blir bora rundt 18 kilometer nord for Ekofiskfeltet. Det har tidlegare vore boreaktivitet i utvinningsløyvet.   

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 24.01.2013