Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

25/6-4 S

07.12.2011 Oljedirektoratet har gitt Det norske oljeselskap ASA boreløyve for brønn 25/6-4 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 25/6-4 S skal borast frå boreinnretninga Songa Delta i posisjon 59°41’10,27’’N 02°53’01,23’’Ø etter at innretninga er ferdig med femårsklassinga som skal gjennomførast ved Coast Center Base (CCB) ved Ågotnes utanfor Bergen.

Boreprogrammet for brønn 25/6-4 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 414. Det norske er operatør med 40 prosent del. Dei andre rettshavarane er Faroe Petroleum Norge AS, Bayerngas Norge AS og Norwegian Energy Company ASA (Noreco) med 20 prosent kvar.

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 25/3, 5 og 6. Brønnen blir bora i midtre del av Nordsjøen om lag 20 kilometer søraust for Frøyfeltet og 37 kilometer nordaust for Heimdalfeltet.

Utvinningsløyve 414 vart delt ut 16. januar 2007 (TFO 2006). Dette er den fyrste brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.



Kontaktperson i OD

Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 24.01.2013