Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

30/11-8 S

25.01.2011 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 30/11-8 S, jf ressursforskrifta paragraf 8.

Brønnen 30/11-8 S skal borast frå boreinnretninga Ocean Vanguard i posisjon 60°13’3,03” nord og 2°29’22,20” aust.

Boreprogrammet for brønn 30/11-8 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 035. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Det norske oljeselskap ASA med 25 prosent og Svenska Petroleum Exploration AS med 25 prosent. 

Brønn 30/11-8 S ligg om lag 20 kilometer sørvest for Oseberg Sør-feltet i Nordsjøen. Utvinningsløyvet består av deler av blokk 30/11, og vart delt ut i konsesjonsrunde 2A i 1969.

Undersøkingsbrønn 30/11-8 S er den sjette leitebrønnen i utvinningsløyve 035.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Eldbjørg Vaage Melberg, tlf. 51 87 61 00

 

 Kart

Oppdatert: 25.01.2011