Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6407/3-1 S

15.04.2011 Oljedirektoratet har gitt boreløyve for brønn 6407/3-1 S jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn  6407/3-1 S skal borast frå boreinnretninga Transocean Leader i posisjon 64°46’32,49”N og 7°42’14.23”Ø etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6407/4-2 for Statoil ASA i utvinningsløyve 429.

Boreprogrammet for brønn 6407/3-1 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 312 hvor Statoil ASA er operatør med ein del på 59 prosent. Dei andre rettshavarane er ExxoMobil Exploration & Production Norway AS (24 prosent) og Eni Norge AS (17 prosent). Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6407/3 og del av blokk 6407/6. Brønnen blir bora om lag 6 kilometer nord for Mikkel gass/kondensat felt.

Utvinningsløyve 312 vart delt ut 12.12.2003 i TFO 2003. Dette er den tredje brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Eldbjøg Vaage Melberg

 

 Kart

Oppdatert: 18.04.2011