6507/6-4-A
18.11.2011 Oljedirektoratet har gitt E.On Ruhrgas Norge AS boreløyve for brønn 6507/6-4-A jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 6507/6-4-A skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 65°38’55,6” nord og 7°42’34,9”aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6507/6-4-S for E.On Ruhrgas Norge AS i utvinningsløyve 350.
Boreprogrammet for brønn 6507/6-4-A gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 350. E.On Ruhrgas Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Statoil Petroleum AS (30 prosent) og PGNiG Norge AS (30 prosent).
Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 6507/6. Brønnen blir bora om lag 10 kilometer aust for Skarvfeltet og om lag 39 kilometer nordaust for Heidrunfeltet.
Utvinningsløyve 350 blei delt ut 17. desember 2004 i TFO 2004. Dette er den andre brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Oppdatert: 24.01.2013