6507/6-4 S
29.09.2011 Oljedirektoratet har gitt E.On Ruhrgas Norge AS boreløyve for brønn 6507/6-4 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønnbane 6507/6-4 S skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 6507/6-4 S til 65°38’6,2” nord og 7°43’33” aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6608/11-7 S for Rocksource ASA i utvinningsløyve 559.
Boreprogrammet for brønnbane 6507/6-4 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 350. E.On Ruhrgas Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Statoil Petroleum AS (30 prosent) og PGNiG Norge AS (30 prosent).
Arealet i dette løyvet består av deler av blokk 6507/6. Brønnen blir bora om lag 10 kilometer aust for Skarvfeltet og om lag 39 kilometer nordaust for Heidrunfeltet.
Utvinningsløyve 350 vart delt ut 17. desember 2004 i TFO 2004. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Oppdatert: 24.01.2013