Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6507/7-15 S

21.10.2011 Oljedirektoratet har gitt RWE Dea Norge AS boreløyve for brønn 6507/7-15 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6507/7-15 S skal borast frå boreinnretninga West Alpha i posisjon 65°25’31,81” nord og 7°05’56,11” aust.

Boreprogrammet for brønn 6507/7-15 S gjeld boring av undersøkningsbrønn i utvinningsløyve 435. RWE Dea Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Maersk Oil Norway AS (20 prosent), Edison International Norway Branch (20 prosent) og Norwegian Energy Company ASA (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6507/7 og 8.  Brønnen blir bora om lag 13 kilometer nordvest for Heidrunfeltet og om lag 30 kilometer nord for Åsgard.  

Utvinningsløyve 435 vart delt ut i TFO 2006 (16.februar 2007). Dette er den andre brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 24.01.2013