6507/8-8
16.02.2011 Oljedirektoratet har gitt Nexen Exploration Norge AS boreløyve for brønnbane 6507/8-8, jf ressursforskrifta paragraf 8.
Brønnbane 6507/8-8 skal borast frå boreinnretninga Songa Delta i posisjon 65°16’52,53” nord og 7°25’29,91” øst etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 35/12-3 S for Wintershall Norge ASA i utvinningsløyve 378.
Boreprogrammet for brønnbane 6507/8-8 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 434. Nexen Exploration Norge AS er operatør med ein del på 49 prosent. Dei andre rettshavarane er Concedo ASA (21 prosent), Norwegian Energy Company ASA (20 prosent), og E.ON Ruhrgas Norge AS (10 prosent). Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6507/8. Brønnen blir bora om lag 7 kilometer nordvest for Heidrunfeltet i Norskehavet.
Utvinningsløyve 434 vart delt ut 16.2.2007 i TFO 2006. Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Oppdatert: 16.02.2011