6604/2-1
01.03.2011 Oljedirektoratet har gitt BG Norge boreløyve for brønn 6604/2-1 jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 6604/2-1 skal borast frå boreinnretninga Aker Barents i posisjon 66°47’1,791” nord og 4°33’34,85”aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6305/9-2 for Det Norske oljeselskap ASA i utvinningsløyve 468.
Boreprogrammet for brønn 6604/2-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 522. BG Norge er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Idemitsu Petroleum Norge AS (20 prosent), Det Norske oljeselskap ASA (20 prosent) og Petoro AS (20 prosent).
Arealet i dette løyvet består av blokkene 6604/2, 6604/3, 6604/4, 6604/5 og 6604/6. Brønnen blir bora om lag 45 kilometer søraust for gassfunnet Asterix og 60 kilometer nord for gassfunnet Gro.
Utvinningsløyve 522 vart delt ut 15. mai 2009 i 20. konsesjonsrunde. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Oppdatert: 01.03.2011