Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6608/11-7 S

30.08.2011 Oljedirektoratet har gitt Rocksource ASA boreløyve for brønn 6608/11-7 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6608/11-7 S skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 66°14’01,32” nord og 8°30’47,34” aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6407/5-2 S for OMV Norge AS i utvinningsløyve 471. 

Boreprogrammet for brønn 6608/11-7 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 559. Rocksource ASA er operatør med ein del på 60 prosent. Dei andre rettshavarane er VNG Norge AS (30 prosent) og Skagen 44 AS (10 prosent).

Arealet i dette løyvet består av blokkene 6608/10 og 6608/11. Brønnen blir bora om lag seks kilometer nordaust for funnet ”Linerle” og 32 kilometer nordaust for Nornefeltet.

Utvinningsløyve 559 vart delt ut i TFO 2009. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart

 

Oppdatert: 31.05.2012