7/11-12 S
08.02.2011 Oljedirektoratet har gitt ConocoPhillips Skandinavia AS boreløyve for brønn 7/11-12 S.
Brønn 7/11-12 S skal borast frå boreinnretninga Mærsk Gallant i posisjon 57°0’54,51’’nord og 2°36’13,54” aust.
Boreprogrammet for brønn 7/11-12 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 301 CS. ConocoPhillips Skandinavia AS er operatør med ein del på 22 prosent. Dei andre rettshavarane på feltet er OMV (Norge AS) med 30 prosent, Dong E&P Norge AS med 28 prosent og Talisman Energy Norge AS med 20 prosent.
Utvinningsløyve 301 CS blei frådelt utvinningsløyve 301 i 2008. Dette løyvet vart delt ut i TFO 2003.
Arealet i utvinningsløyvet ligg i sørlig del av Nordsjøen, 20 kilometer sørvest for Ulafeltet, og består av delar av blokk 7/11. Delar av løyvet er stratigrafisk delt og gjeld nivå under topp kritt. Brønn 7/11-12 S er den første leitebrønnen i utvinningsløyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Oppdatert: 08.02.2011