7120/2-3 S
18.05.2011 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 7120/2-3 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 7120/2-3 S skal borast frå boreinnretninga Transocean Leader i posisjon 71° 47' 20,97" N og 20° 21' 44,23" Ø.
Boreprogrammet for brønn 7120/2-3 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 438. Lundin Norway AS er operatør med ein del på 25 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS med 20 prosent, RWE Dea Norge AS med 20 prosent, Talisman Energy Norge AS med 17,5 prosent og Marathon Petroleum Norge AS med 17,5 prosent.
Brønn 7120/2-3 S ligg om lag 30 kilometer nordvest for Snøhvitfeltet. Utvinningsløyvet består av delar av blokkene 7120/1, 7120/2, 7120/3, 7120/4, 7120/5 og 7120/6. Utvinningsløyvet vart tildelt i TFO 2006.
Undersøkingsbrønn 7120/2-3 S er den første leitebrønnen i utvinningsløyve 438.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf 51876027
Oppdatert: 18.05.2011