Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7121/9-1

21.10.2011 Oljedirektoratet har gitt Dong E&P Norge AS boreløyve for brønn 7121/9-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7121/9-1 skal borast frå boreinnretninga Aker Barents i posisjon 71°15’13,97” nord og 21°42’41,86” aust.

Boreprogrammet for brønn 7121/9-1 gjeld boring av undersøkningsbrønn i utvinningsløyve 518. Dong E&P Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er North Energy ASA (30 prosent), Front Exploration AS (20 prosent) og Sagex Petroleum Norge AS (10 prosent).

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 7121/8, 9, 10, 11 og 12. Brønnen blir bora om lag 100 kilometer nordvest for Hammerfest og om lag 20 kilometer vest for Goliatfeltet.

Utvinningsløyve 518 vart delt ut i TFO 2008 (23.oktober 2009). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 24.01.2013