Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7124/4-1 S

31.08.2011 Oljedirektoratet har gitt GDF SUEZ Norge AS boreløyve for brønn 7124/4-1 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7124/4-1 S skal borast frå boreinnretninga Aker Barents i posisjon 71°35’16,16” nord og 24°5’56,84” aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6508/1-2 for Det Norske Oljeselskap ASA i utvinningsløyve 482. 

Boreprogrammet for brønnbane 7124/4-1 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 530. GDF SUEZ Norge AS er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Rocksource ASA (20 prosent), Front Exploration AS (20 prosent), North Energy ASA (20 prosent) og Repsol Exploration Norge AS (10 prosent).

Arealet i dette løyvet består av blokkene 7123/6 og 7124/4. Brønnen blir bora om lag 100 kilometer nord for Hammerfest og om lag 70 kilometer nordaust for Goliatfeltet.

Utvinningsløyve 530 vart delt ut i 20. konsesjonsrunde. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart

 

Oppdatert: 31.08.2011