7220/8-1
03.02.2011 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønnbane 7220/8-1, jf ressursforskrifta paragraf 8
Brønn 7220/8-1 skal borast frå boreinnretninga Polar Pioneer i posisjon 72o 29` 28,92" nord og 20o 20´ 02,25" aust.
Boreprogrammet for brønn 7220/8-1 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 532. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Eni Norge AS med 30 prosent og Petoro AS med 20 prosent.
Brønn 7220/8-1 ligg omtrent 100 kilometer nordvest for Snøhvitfeltet. Utvinningsløyvet består av blokkene 7219/9, 7220/4, 7220/5, 7220/7 og 7220/8, og vart delt ut i 20. konsesjonsrunde.
Undersøkingsbrønn 7220/8-1 er den første leitebrønnen i utvinningsløyve 532.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD
Eldbjørg Vaage Melberg, tlf 51876100
Oppdatert: 03.02.2011