Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/1-16 A

05.12.2012 Oljedirektoratet har gitt Wintershall Norge AS boreløyve for brønn 16/1-16 A, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/1-16 A skal borast frå boreinnretninga Bredford Dolphin i posisjon 58°54’47,77’’ nord 02°15’54,65’’ aust for Wintershall Norge AS i utvinningsløyve 457.

Boreprogrammet for brønn 16/1-16 A gjeld boring av avgrensningsbrønn i utvinningsløyve 457. Wintershall er operatør med 40 prosent del. Dei andre rettshavarane er E.ON E&P Norge AS, Bridge Energy Norge AS og VNG Norge AS, alle med 20 prosent kvar.

Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 16/1. Brønnen blir bora om lag 3 kilometer nord for Edvard Griegfeltet og om lag 3 kilometer øst for oljefunnet 16/1-9 Ivar Åsen i midtre del av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 457 vart delt ut 29. februar 2008 (TFO 2007). Dette er den andre brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 24.01.2013