Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/10-5

13.09.2012 Oljedirektoratet har gitt Talisman Energy Norge AS boreløyve for brønn 16/10-5, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/10-5 skal borast frå boreinnretninga Mærsk Giant i posisjon 58°00’1,37’’ nord 02°07’59,99’’ aust for Talisman Energy Norge AS i utvinningsløyve 568.

Boreprogrammet for brønn 16/10-5 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 568. Talisman er operatør med 40 prosent del. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (20 prosent) Det norske oljeselskap ASA (20 prosent), Edison International Norway Branch (10 prosent) og Skagen44 AS (10 prosent).

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 7/1, 7/2 og 16/10. Brønnen blir bora om lag 10 kilometer søraust for funnet 15/12-12 Rev 5 i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 568 vart delt ut 4. februar 2011 (TFO 2010). Dette er den fyrste brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 24.01.2013