Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/2-14

30.08.2012 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 16/2-14, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/2-14 skal borast frå boreinnretninga Ocean Vanguard i posisjon 58°50’25,97” nord og 2°31’02,14” aust etter avslutting av boring av avgrensingsbrønn 16/2-12 for Statoil i utvinningsløyve 265.

Boreprogrammet for brønn 16/2-14 gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 265. Statoil Petroleum AS er operatør med 40 prosent del. Dei andre rettshavarane er Petoro AS med 30 prosent, Det norske oljeselskap ASA med 20 prosent og Lundin Norway AS med 10 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av blokka 16/2. Brønnen vert bora om lag tre kilometer sørvest for brønnen 16/2-10 i midtre del av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 265 vart delt ut 24. april 2001 (NST 2000). Dette er den åttande brønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 24.01.2013