30/6-28 S
09.01.2012 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 30/6-28 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønnbane 30/6-28 S skal borast frå boreinnretninga COSL Pioneer i posisjon 60°33’59,33” nord og 2°44’40,69” aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 33/12-9 S for Statoil Petroleum AS i utvinningsløyve 152.
Boreprogrammet for brønn 30/6-28 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 053.
Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 49,3 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (33,6 prosent), Total E&P Norge AS (10 prosent), ExxonMobil Exploration & Production Norway AS (4,7 prosent) og ConocoPhillips Skandinavia AS (2,4 prosent).
Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 30/6. Brønnen blir bora under Osebergfeltet, mellom Osberg A og Oseberg C.
Utvinningsløyve 053 vart delt ut 6. april 1979 (4. konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den 27. brønnen som bli bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Oppdatert: 24.01.2013