Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

3/4-2 S

03.07.2012 Oljedirektoratet har gitt Det norske oljeselskap ASA boreløyve for brønn 3/4-2 S, jf ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 3/4-2 S skal borast frå boreinnretninga Mærsk Guardian i posisjon 56°38’47,24’’ nord og 4°5’38,18”aust.

Boreprogrammet for brønn 3/4-2 S gjeld boring av en undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 356. Det norske oljeselskap ASA er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Repsol Exploration Norge ASA (40 prosent) og Petrolia Norway AS (10 prosent).

Arealet i utvinningsløyva ligg nord for feltet Trym i den søraustlege delen av Nordsjøen og består av delar av blokk 3/4 og blokk 3/5. Brønn 3/4-2 S er den første leitebrønnen i utvinningsløyve 356, som blei delt ut i TFO 2005.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Last ned pdf

 

Oppdatert: 03.07.2012