Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

34/7-35 S

04.05.2012 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 34/7-35 S, jf. ressursforskrifta § 8.

Brønn 34/7-35 S skal borast frå boreinnretninga Ocean Vanguard i posisjon 61°18’3,71”N og 2°12’18,88”Ø etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 15/5-A7H for Statoil Petroleum AS i utvinningsløyve 048B.

Boreprogrammet for brønn 34/7-35 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 552. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 54 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (30 prosent), Idemitsu Petroleum Norge As (12,4 prosent) og RWE Dea Norge AS (3,6 prosent). Arealet i dette løyvet består av blokk 34/7. Brønnen blir bora om lag 10 kilometer nord for Gullfaks feltet.

Utvinningsløyve 552 vart delt ut 19. februar 2010 i TFO 2009. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

 Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 24.01.2013