Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

34/8-15 S

12.12.2012 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 34/8-15 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 34/8-15 S skal borast frå boreinnretninga COSL Pioneer i posisjon 61° 26’ 6,102 " nord, 02°, 35 ‘ 20,838 " aust, etter at en brønn utanfor Færøyene er ferdig bora.

Boreprogrammet for brønn 34/8-15 S gjeld boring av brønn i utvinningsløyve 120, Visund inside, kor Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 53,2 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro (30 prosent), Conoco Phillips Scandinavia AS (9,1 prosent) og Total E&P Norge As (7,7 prosent).

Arealet i dette løyvet består av 14,929 kvadratkilometer (km2) innen blokk 34/7 og 236,740 km2 innen blokk 34/8. Brønnen blir bora om lag 200 kilometer nordvest for Bergen.

Utvinningsløyve 120 vart delt ut 23. august 1985 i 10. konsesjonsrunde del A. Dette er den femtande brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Last ned pdf

 

Oppdatert: 24.01.2013