Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

3/7-8 S

14.11.2012 Oljedirektoratet har gitt DONG E&P Norge AS boreløyve for brønn 3/7-8 S.

Brønnen skal borast frå boreinnretninga Mærsk Giant i posisjon 56°23’10.72’’ nord og 4°14’0,52” aust.

Boreprogrammet for brønn 3/7-8 S gjeld boring av en undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 147. DONG E&P Norge er operatør med ein del på 50 prosent. Rettshavaren Bayerngas Norge AS har og ein del på 50 prosent. Utvinningsløyve 147 blei delt ut i 12. konsesjonsrunde i 1988.

Arealet i dette utvinningsløyvet ligg like sør for feltet Trym i den søraustlege delen av Nordsjøen, og består av grenseblokka 3/7 mot Danmark. Brønn 3/7-8 er den fjerde leitebrønnen i dette utvinningsløyvet. 

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 24.01.2013