6407/1-5 S
10.01.2012 Oljedirektoratet har gitt boreløyve for brønnbane 6407/1-5 S jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 6407/1-5 S skal borast frå boreinnretninga Borgland Dophin i posisjon 64°59’20,14”nord og 07°00’17,24”aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6507/6-4A for E.ON Ruhrgas i utvinningsløyve 350.
Boreprogrammet for brønn 6407/1-5 S gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 475 BS/CS, der Wintershall Norge ASA er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (30 prosent) og Centrica Resources Norge AS (20 prosent).
Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 6406/3, 6407/1 og 6507/10. Brønnen blir bora om lag ti kilometer nordvest for Tyrihansfeltet.
Utvinningsløyve 475 BS vart delt ut 23. januar.2009 i TFO 2008, og 475 CS vart delt ut 4. februar 2011 i TFO 2010. Dette er den andre brønnen som bli bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, telefon 51876027
Oppdatert: 24.01.2013