6407/1-6 S

27.11.2012 Oljedirektoratet har gitt boreløyve for brønn 6407/1-6 S jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6407/1-6 S skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 64°56’25,71’’ nord og 7°08’36,88’’ aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 7120/6-3 S for Lundin Norway AS i utvinningsløyve 490.

Boreprogrammet for brønn 6407/1-6 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 475 kor Wintershall Norge AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Faroe Petroleum Norge AS (30 prosent) og Centrica Resources (20 prosent). Arealet i dette løyvet er ein del av blokk 6407/1. Brønnen blir bora om lag 10 kilometer nordaust for olje- og gass/kondensatfeltet Tyrihans på Haltenbanken.

Utvinningsløyve 475 blei delt ut 29. februar 2008 i TFO 2007. Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf.51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf 

Oppdatert: 24.01.2013