Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6506/11-9 S

24.04.2012 Oljedirektoratet har gitt Centrica Resources (Norge) AS boreløyve for brønn 6506/11-9 S jf. ressursforskrifta § 8.

Brønn 6506/11-9 S skal borast frå boreinnretninga West Alpha i posisjon 65°10’18,54” nord og 6°37’21,26” aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6507/7-15 S for RWE Dea Norge AS i utvinningsløyve 435.

Boreprogrammet for brønn 6506/11-9 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 477. Centrica Resources (Norge) AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Faroe Petroleum Norge AS (30 prosent) og Suncor Energy Norge AS (30 prosent). Arealet i dette løyvet består av blokken 6506/11. Brønnen blir bora om lag 7 kilometer aust for Morvin feltet.

Utvinningsløyve 477 vart delt ut 29.2.2008 i TFO 2007. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf 

Oppdatert: 24.01.2013