Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6506/6-2

10.12.2012 Oljedirektoratet har gitt Maersk Oil Norway AS boreløyve for brønn 6506/6-2, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6506/6-2 skal borast frå boreinnretninga Transocean Barents i posisjon 65°38’18,69" nord og 6°51’55,46" aust.

Boreprogrammet for brønn 6506/6-2 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 513. Maersk Oil Norway AS er operatør med ein del på 50 prosent. Den andre rettshavaren er Dana Petroleum Norway AS (50 prosent). Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 6506/6, 6507/1 og 6507/4. Brønnen blir bora om lag 30 kilometer vest for Skarv.

Utvinningsløyve 513 vart delt ut 23.01.2009 i TFO 2008. Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51876027

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 24.01.2013