6507/3-9 S
07.06.2012 Oljedirektoratet har gitt BP Norge AS boreløyve for brønn 6507/3-9 S, jf ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 6507/3-9 S skal borast fra boreinnretninga Polar Pioneer i posisjon 65° 56` 44,28" nord og 7°41´ 32,83" aust.
Boreprogrammet for brønn 6507/3-9 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 212 E. BP Norge AS er operatør med en del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Statoil Petroleum AS (30 prosent), E.ON E&P Norge AS (25 prosent) og PGNiG Norway AS (15 prosent).
Utvinningsløyvet består av blokk 6507/3. Løyvet er fradelt utvinningsløyve 212 B som vart delt ut i 17. konsesjonsrunde i 2002.
Undersøkingsbrønn 6507/3-9 S er den første leitebrønnen i utvinningsløyve 212 E.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51876027
Oppdatert: 24.01.2013