6607/12-3
24.10.2012 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 6607/12-3, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 6607/12-3 skal borast frå boreinnretninga West Alpha i posisjon 66 09` 37,30" nord og 7 56´ 34,10" aust.
Boreprogrammet for brønn 6607/12-3 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 385. Statoil Petroleums AS er operatør med ein del på 45 prosent. Dei andre rettshavarane er Norwegian Energy Company ASA (20 prosent), Dong E&P Norge AS (20 prosent) og North Energy ASA (15 prosent).
Utvinningsløyvet består av delar av blokk 6607/12. Utvinningsløyvet blei tildelt i TFO 2005.
Undersøkingsbrønn 6607/12-3 er den første leitebrønnen i utvinningsløyve 385.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27
Oppdatert: 24.01.2013