Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6610/10-1

05.12.2012 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 6610/10-1, jf ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6610/10-1 skal borast frå boreinnretninga West Alpha i posisjon 66° 14` 09,52" nord og 10° 02´ 46,89" aust.

Boreprogrammet for brønn 6610/10-1 gjeld boring av en undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 386. Statoil Petroleum AS er operatør med 100 prosent del. 

Utvinningsløyvet består av delar av blokkene 6609/12, 6610/7 og 6610/10. Utvinningsløyvet blei delt ut i TFO 2005.

Undersøkingsbrønn 6610/10-1 er den første leitebrønnen i utvinningsløyve 386.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf 51876027

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 24.01.2013