Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7120/6-3 S

15.10.2012 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 7120/6-3 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7120/6-3 S skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 71 41` 02,43" nord og 20 43´ 16,97" aust.

Boreprogrammet for brønn 7120/6-3 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 490. Lundin Norway AS er operatør med ein del på 60 prosent. Dei andre rettshavarane er Spring Energy Norway AS (20 prosent) og Norwegian Energy Company ASA (20 prosent).

Utvinningsløyvet består av delar av blokkene 7120/4, 7120/5 og 7120/6. Utvinningsløyvet blei tildelt i TFO 2007.

Undersøkingsbrønn 7120/6-3 S er den første leitebrønnen i utvinningstillatelsen 490.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson I OD
Kristian Runestad, tlf 51876027

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 24.01.2013