Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7220/10-1

27.08.2012 Oljedirektoratet har gitt Eni Norge AS boreløyve for brønn 7220/10-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7220/10-1 skal borast frå boreinnretninga Scarabeo 8 i posisjon 72o 00’54,66’’ nord  og 20o 03’23’’ aust,  etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn  35/2-3 for Statoil i utvinningsløyve 318.

Boreprogrammet for brønn 7220/10-1 gjeld boring av første brønn i utvinningsløyve 533. Eni Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er RWE Dea Norge (20 prosent), Lundin Norway (20 prosent) og Det norske oljeselskap (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av 318,732 km2 av blokk 7219/12 og 318,732 km2 av blokk 7220/10. Brønnen blir bora om lag 170 kilometer nordvest for Hammerfest.

Utvinningsløyve 533 vart delt ut 15. mai 2009 (20. konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

 Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 24.01.2013