Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7228/1-1

08.03.2012 Oljedirektoratet har gitt Norwegian Energy Company ASA (Noreco ASA) boreløyve for brønn 7228/1-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7228/1-1 skal borast frå boreinnretninga Transocean Barents i posisjon 72 51` 0,89" nord og 28 18´ 56,28" aust.

Boreprogrammet for brønn 7228/1-1 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 396. Noreco ASA er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Front Exploration AS med (30 prosent) og Petoro AS (20 prosent). 

Utvinningsløyvet består av blokkene 7228/1 og 7228/2. Løyvet blei tildelt i 19.konsesjonsrunde.

Undersøkingsbrønn 7228/1-1 er den første leitebrønnen i utvinningsløyve 396.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Kristian Runestad, tlf 51876027

 

Kart - Last ned pdf 

Oppdatert: 24.01.2013