Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7/8-6 S

08.11.2012 Oljedirektoratet har gitt Lotos Exploration and Production Norge AS boreløyve for brønn 7/8-6 S.

Brønn 7/8-6 S skal borast frå boreinnretningen Mærsk Guardian i posisjon 57°17’55,17’’nord og 2°27’19,16” aust.

Boreprogrammet for brønn 7/8-6 S gjeld boring av en undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 498. Lotos Exploration and Production Norge AS er operatør med ein 25 prosent del. Dei andre rettshavarane er Edison International Norway Branch, Skagen 44 AS og 4Sea Energy As, alle med ein del på 25 prosent. Utvinningsløyve 498 blei delt ut i TFO 2008.

Arealet i dette utvinningsløyvet ligg i sørleg del av Nordsjøen og består av delar av blokkane 7/7, 7/8, 7/11 og 7/12. Undersøkingsbrønn 7/8-6 S er den første leitebrønnen i dette utvinningsløyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD:
Kristian Runestad, tlf. 51 87 60 27

 

Kart - Last ned pdf

 

Oppdatert: 24.01.2013