Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

35/2-3

31.05.2012 Oljedirektoratet har gitt Statoil boreløyve for brønn 35/2-3, jf. ressursforskrifta § 8.

Brønn 35/2-3 skal borast frå boreinnretninga Scarabeo 8 i posisjon 61°49’0,66” nord og 3°35’1326” aust.

Boreprogrammet for brønn 35/2-3 gjeld boring av undersøkelsesbrønn i utvinningsløyve 318 der Statoil er operatør med ein del på 60 prosent. Dei andre rettshavarane er Idemitsu (20 prosent) og Petoro (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av del av blokk 35/2. Brønnen blir bora om lag 15 kilometer søraust for funnet 35/2-1.

Utvinningsløyve 318 vart delt ut 18. juni 2004 (TFO 2003). Dette er den fjerde brønnen som bli bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:
Eldbjørg Vaage Melberg, tlf. 51876100

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 24.01.2013